søndag 19. mai 2019

Vekstene mine

Agurk og tomatgjengen
 Aspargesbønner og sukkererter
 Grønnsaktoget
 Noe gammelt, noe nytt, noe stjelt, noe sådd
 Månedsjordbær


lørdag 18. mai 2019

Koseleg samling i stronda

Laurdag kom naboen ned og lurte på om me hadde lyst å ver med å brenna bål i stronda, han hadde noko hunabord han ville bli kvitt


Det vart ikkje bålbrenning då det blåste for mykje, men koselege timar var det lell

fredag 17. mai 2019

Mammatus skyer


Dette er eit sjeldan syn, det skjer om ei amboltsky kollapsar, då vert skya hengande som jur. Spektakulært nok i seg sjølv


Men så gjekk sola ned og sjå kva som så skjedde! Det var eit syn eg aldr kjem til å gløyme! Dei fargane





17. mai - hurra

http

Fin dag, utan korpsmusikk! Og einaste toget var eit par tre sauer og lam som toga forbi i kveldinga

torsdag 16. mai 2019

Espalier - endeleg

Nå er endeleg Rune i form igjen etter virusinfeksjonen han pådro seg i mars og dag kom det endeleg espalier på plass under terrassen og det svarta holet er gjøymd, vart veldig fint, eg måla det med grå linoljemåling og så hang me opp støypejernsvasken me fann i ei røys på Tjora




lørdag 11. mai 2019

Epleblomstring

Okei, her kjem eit bilderas utan like. Eg berre elskar desse blomane og skulle helst hatt epletrær som blømer heila året


















SÅÅ nydeleg - eg er verdas heldigaste

Fuglaliv

Når dompapen sett seg på fuglabrettet er det ikkje mange som tør nærme seg, men kjøtmeisen er ikkje så skvetten av seg, så han heng i meisebollene og dinglar








Kjøtmeisen dreiv forresten og mata ungar på tunet i dag morges

Forskjell på folk

Ja det er store forskjellar på folk, men slik er det jammen meg og blant sauene her

Eg har undra meg over kor «slemme» nokon av sauene er med ungane sine, dei stangar dei bort eller daskar til dei og spring avgarde når dei vil die, men ho her, ho har ein eigen aura av ro rundt seg. Eg tror ho er førstegangsfødande for ho ser så «ung» ut. Ho har tre lam, eit verlam og to søylam og held seg for seg sjølv, ho held ikkje lag med dei andre sauene. Kanskje ho er litt introvert, som meg 😂





Ho lar dei små die når dei vil og står så roleg medan dei drikk, og så gjer ho noko som eg aldri har sett nokon av dei andre sauene gjere, ho gir dei små eit kjærteikn med hovudet sitt og no vert eg heilt rørt her eg sit å skriv, mi fjolla

Dei klyv og klatrar på henne når ho ligg og ho let dei halde på. Ei god og tålmodig mor


torsdag 9. mai 2019

onsdag 8. mai 2019

Eg og bønnestengelen

Eg sådde aspargesbønner i påsken, inne (i kjellaren), 10 frø. Det var blitt så longe no at eg var redd dei skulle brekke og verte brekkbønner i staden, 😆

Så eg planta dei liksågodt ut.. Men så meldte dei plutseleg natteFROST igjen! Og eg som trudde at me var ferdige med det der kvita, kalda på bakken no..

Ja, nei, då måtte blondegardina i bruk og bønnestenglane overlevde





tirsdag 7. mai 2019

Utstillingsopning

Onsdag 15. mai opnar utstillinga «Under røyken - om livet i Åbøbyen» i Sauda og det er jo ikkje lenge til så eg har klargjort utstillingsmontrar i ettermiddag, 24 stk




Kollegaene mine var opptatt med andre gjeremål, men eg var så «heldig» at eg hadde lag av ein del frigjorte og hovudlause i staden - ja nett som kollegaene mine 😂
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...