torsdag 4. november 2021

Må noen dø først?

 

Kartet viser alle små og store ras på strekninga


RV13 strekninga frå Breivika i Erfjord til øverst i Rødsliane er den farligste vegen i Ryfylke

Det er smalt (inga gul midtstripe her), svingete og bratt og det kjem omtrent dagleg stein ramlande ned i vegbanen

Det er skuleveg og arbeidsveg og hovedferdselsåra austover og slik sett ganske godt traffikert

Grunna all nedbøren vert rasa hyppigare, erfaringar frå andre stader viser dessverre at ingenting skjer før nokon har blitt drept i ras

Dei største steinane kom for ei vekes tid sidan, 80 tonn reknar dei med at den største vog. Men sjølv småstein drep når dei kjem ramlande frå høgt oppe i liadn

Tenk om sittande regjering kunne vært i forkant og sagt me bevilger det som trengs og oppstart av rassikringsarbeidet startar no

Men nokon må nok dø først


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...