søndag 30. juni 2019

Vanningsur

jeg har kjøpt et mekanisk vanningsur som er batteridrevet, det har lyssensor som gjør at det skal vanne én time ved sol ned og én time ved sol opp, men siden nettene foreløpig er såpass lyse tror jeg bare det funker ved solnedgang. Ellers så har det noe med at jeg sover ved soloppgang og ikke får vanninga med meg 😂


Har kobla «svetteslange» på og håper det gir nok vanning i både grønnsaktoget og bøtteballetten på tomat og agurkgjengen mens jeg er i byen noen dager

fredag 28. juni 2019

Ut på tur

I dag var eg i bilen kl 7 - på veg til Hjelmeland, Randøy og Fister

Same oppdrag som to føregåande dagar, men i dag hadde eg ein avtale på jobb halv elleve og det gjekk akkurat på hengjande håret. Berre kjekke, imøtekommande folk å treffe i dag og. Og ikkje rart folk trivs i Hjelmeland/Randøy. Såå koseleg der og

Biletet er tatt på Ølesund og retningen er inn Jøsenfjorden


Og ho håse gåsa? Joda det var lyd i ho i dag og 😖 I morgon er det 5 timar på jobb og så til Kleiva for å hente gåsa før me kjøyrer til byen att

I kveld slår eg graset og har slått i hel sesongens fyrsste klegg. UGH!

torsdag 27. juni 2019

Ei hås gås på veg til fjorden

Eg har så vondt av Freia, ho likar ikkje å vere åleine i huset her.. I dag kunne eg ikkje ha ho med på jobb, for i dag var det meldt sol og 20°, ikkje godt å ha ho i bilen då, stakkar

Då eg kom opp kleiva høyrte eg den såre bjeffinga 😞

Eg opna døra og ut fauk ho, og då eg spurde om ho ville bada stilte ho seg med grinda med ein gong 😂

Og ilte til sjøen i stor fart 😆 Den svarte prikken borterst på vegen er Freia 👍🏻



 Men ho er sulten og, så då eg spurde om ho ville ha mat, då tok ho peiling opp bakkjen att 👍🏻


Smart




onsdag 26. juni 2019

Dei er ivrige

Eg sådde dei den 19 og i går kveld såg eg liv!


Regla om at «3.dje gongen gjeld» slo til - igjen

Fint å væra to

I dag (som i går) hadde eg Freia med på jobb. I dag har me kjøyrt 20 mil med plakatar og brosjyrer i samband med jobben min. Me har vore innom alle informasjonstavler, hoteller, campingplassar, ferjekaiar, butikkar og lignande

Og hatt masse koselege stopp undervegs. Det besta stoppet syns nok Freia var det aller sista (ved fjorden her) for då fekk ho endeleg bade 😂








tirsdag 25. juni 2019

Museumsjobb

i dag har eg kjørt 15 mil, me opnar alle anlegga våre til helga, så i dag har eg vore rundt og hengt opp plakatar og levert ut brosjyrer og snakka med så mange hyggelege folk


I morgon vert det og ein del mil i samme ærend, berre «utover»

søndag 23. juni 2019

Einsam i kveld

Nei, ikkje einsam, men åleine


Eg har måla litt i kveld etter at Rune reiste til byen att. Og planta hortensiastiklingar


 Ikkje åleine heller, ho her fine er her jo! Mykje selskap i henne







lørdag 22. juni 2019

St Hans-feiring i stronda


Rune og ein hyttenabo fekk oppdrag om å henta hunabord til bål. Kl 19 vart bålet tend og det vart nokre koselege timar ilag med kjekke folk



Freia fekk seg kjerast, og ho var så grei med han at det var ei fryd, mest fordi ho har løypetid 😂 Akkurat DET skjøna ikkje han seg på for han er kastrert 😅



Saft suse

No har me silt hylleblomsafta og sukk så god den vart


fredag 21. juni 2019

Travle dager på jobb


siden det nærmer seg ferieavvikling og et helsikkes vær ute


torsdag 20. juni 2019

Nå kommer det bil

Freia savner matfar når vi ikke er sammen alle tre, så da venter hu på ham. Og i kveld kom han jammen meg


onsdag 19. juni 2019

Hylleblomstsaft

I helga sykla eg ein tur rundt Hålandsvatnet og der såg eg at der var masse svarthyll i blomst, i går kjøpte eg økologiske sitroner og i formiddag sykla eg til Hålandsskogen og plukkte hylleblom

For i Suldal fins det visst ikkje svarthyll..

Hylleblomane fekk seg ein god biltur før dei havna i sukkerlake i lag med finsnitta sitron



Eg brukte Margit Vea si oppskrift og det var gjort på null komma svisj

Om 3 dagar skal safta silast og eg gledar meg. Hylleblomsaft er SÅ godt, hvertfall den eg har fått hjå andre

3. gong gjeld

Squash og gresskarfrøa eg tok vare på frå i fjor spirer ikkje, så no kjøpte eg nye frø og det er kanskje litt i seinaste laget, men eg prøver likavel


tirsdag 18. juni 2019

Bake litt


Dette blir kjempegode baguettar. 5 gong eg bakar dei no og dei blir alltid vellukka

Oppskrifta eg brukar er denne

søndag 16. juni 2019

Hr og fru Dompap

Den første lyden eg bevisst høyrer etter når eg kjem til Kleiva er den forsiktige lyden til dompapen. Dei er så fine og forsiktige og passar så godt her og kvar gong eg reiser herfrå fyller eg opp fuglabrettet med godsaker dei likar, så er dei her kanskje neste gang eg kjem og


lørdag 15. juni 2019

fredag 14. juni 2019

Eg er blitt pendlar

Og reiser med ferje. To gonger i veka. To ferjer kvar veg. Flotte ferjer og flotte folk ombord, men ferjerutene er ikkje laga for pendlerar, så det vert bra (på ein vemodig måte) at Ryfast opnar i år


Me kjem til å sakne turen over fjorden. For frå årsskiftet skal me ta turen UNDER fjorden. Kanskje det vert verd det, i reisetid, men elles kjem me til å sakne både folk og ferje, men altså ikkje ferjerutene



Eit lite stopp innom

for å rydde, dusje og vatne. For eg reiser til byn att i kveld, etter festen






torsdag 13. juni 2019

Avslutningsfest/sommarfest

I morgon kveld er det fest for å heidre 3 pensjonistar på museet. Flotte kunnskapsrike folk som går av. Så i dag har me vore på Håland og gjort klart



onsdag 12. juni 2019

Og når kjærasten


til sonen fyller år, baker han SÅ fin kake! Tenk om min kjerast kunne bakt til meg!!! Eller, forresten, nei 😂


tirsdag 11. juni 2019

Mitt genetiske kompass


er innstilt på Kleiva, men nå kan nåla snu 😂



Nå har jeg sendt mitt dna avgårde for å få en liten pekepinn på hvor jeg genetisk stammer fra

søndag 9. juni 2019

1. pinsedag


hadde me og ope i museet og eg såg for meg ein fredeleg dag sidan det hadde vore spekka med arrangementer dagen før, med konsertar og fest i teltet på torjå

Opna kl 11 og tok dette biletet


Ute pøsregna det, eg lagde meg kaffi og fann fram avisa med kryssordet og plutseleg var det 50 mann i kafeen og utstillingane og 4 timar forsvann på ein blunk. Lagde vaffelrøra to gonger 😂

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...