lørdag 31. oktober 2020

Jakta på ny hund

Me har sidan januar hatt ei annonse liggande på Finn der me skriv at me ønsker oss ei vaksen tispe og me har spesifisert ein del «eigenskaper» me IKKJE ønsker at denne hunden har fordi me har hatt ei med slike problem og det var slett ikkje lett

Det har ikkje mangla på tilbod, men me opplevde gong på gong at folk ikkje las annonseteksten, så eg har måtta bli litt streng i innleiinga på annonsa


Så no opplever me å få bedre «treff» og det er me glade for

Me var ei stund inne på tanken om å skaffa oss tispevalp, men etter å ha vore i kontakt med eit par tre relativt seriøse NKK-oppdretterar har me definitivt bestemt oss for å prøve å få tak i ei vaksen tispe. Ønsket vårt om tispevalp blei blankt avvist og no skjønar me jo kvifor, men meir om det seinare

Tilbake til responsen på Finn-annonsa. Me har fått tilbod om dachs «med separasjonsangst» som eigar berre skulle «setje eit kull på» før me etter fødsel kunne få kjøpe ho for eit tosifra beløp

Me har fått tilbod om ein nydeleg border collie som takla bilar og syklar og barnevogner, men med stort stress i samband med møte med hundar

Me har fått tilbod om ein diger gatemiks på over 30 kg som var utrolig flott og snill og klok og medgjørlig og eg grein ein skvett når me måtte la ho gå fra oss

Me har fått tilbod om ein nydeleg husky på snaue 15 kg, men der trakk eigar seg, ho var for glad i hunden og skulle «få det til likavel»

Me har fått tilbod om ei border collie tispe på 8 mnd som høyrtes heilt fantastisk ut og me hadde ein avtale om treff med eigar, då dagen kom var annonsa borte og me fekk aldri noko svar på gjentatte kontaktforsøk

Me har fått tilbod om ein mellompuddel hann, ikkje tispe, men me vil av ulike årsakar ikkje ha hannhund, då sa ho at ho kunne få den kastrert.. 

Det er ein del useriøse folk der ute, dessverre, og ein god del burde nok aldri skaffa seg hund i utgangspunktet

Me har svart på eit par annonser sjølv, på ei samojedtispe og ei welsh springer tispe, men det vart det heller ingenting av

No har eg kontakta eit par tre omplasseringskennelar og annonsa ligg fortsatt ute, men i denne tida vi er i no har visst alle tid til hundane sine og det er jo ingenting som er betre enn at hunden har det godt i lag med familien sin

Samtidig har det aldri vore større etterspørsel etter valp og det har vakse opp valpefarmar over alt og alle som har tisper parar dei i øst og vest og når eg sjekker NKK-oppdretterar har dei meir valpar no enn nokongong, og berre hannvalpar for salg, er ikkje det berre bittelitt rart? Og i går då eg sjekka Finn på nytt låg det ute over 600 annonser med valpar for salg. Ja seks hundre!!!

Me har ikkje lyst å støtte valpefarmane og leiter vidare etter ei vaksen fin tispe, me reknar med at det om ei stund, når dette er over og folk får begynne å reise att, så blir hunden ei belastning og treng ein ny heim

I mellomtida får me kose oss med fine bilder og minner frå dei fine åra med desse to og kanskje får me ein firbeint feriegjest på besøk snart 


Her er me på tur på Fjøløy med fine Freia d.2019 og Tinka d.2016 


Og har du lyst å bli ein dyrehelt, les dette

fredag 30. oktober 2020

Hei igjen


30. oktober og lenge, lenge siden jeg har blogget nå. Det var ikke meningen at jeg skulle bli borte fra blogginga så lenge som dette, men har ikke hatt lyst/energi disse månedene

Nå har jeg imidlertid noen rolige dager foran meg og skal prøve å blogge kronologisk fra i dag og bakover til junimåned om jeg kommer på noe/finner bilder fra noe jeg syns må være med i dagboka som jo dette er..




søndag 25. oktober 2020

Skattar i Suldal









Eg har jo denne kjekke jobben og denne kjekke interessa som går overlappar einannan og i dag var me på skattejakt i Suldal med fortidsminneforeninga

Mykje var kjent, men inn på eit tun, bak ein bakketopp og ned i eit søkk dukka det opp eit byggverk eg berre har høyrt om og aldri sett med eigne auger: «Stampå» 

Det er berre 5 slike att i Norge og dette er ei av dei få som står der den blei reist eingang på 1800-talet

Stampå vart brukt til å tove/mjukgjere

fredag 23. oktober 2020

Tomater

Eg kom visst litt seint i gong med såinga i år. Tomatene var jo aldri mogne. Eg måtte til slutt sette på den elektriske ovnen i drivhuset..


Dette er «Tatianas Russian Patio Dwarf» 

onsdag 21. oktober 2020

Eksotisk vekst på Kleiva

 



Kjøpte en pose med jordnøttfrø hos Impecta og putta et par i to bøtter med jord, da jeg rydda i drivhuset i dag kom jeg over disse bøttene med noen visne planter i som jeg dro opp. Det var peanøtter under dem 😃

fredag 16. oktober 2020

onsdag 14. oktober 2020

Blomar frå hagen


Mykje fint som blømer i hagen no og i dag plukte eg inn det som nok vert årets siste bukett. Desse kalde, speglande klåre dagane gir frost på nettene


tirsdag 13. oktober 2020

Tørke traktkantarell





Det er usannsynlige mengder traktkantarell i år og på Eia i helga skulle vi egentlig bare se etter vanlig kantarell men kom hjem med 4 kg traktkantarell. My oh my


De fikk tørke 2 døgn på benken før jeg rev dem opp og renset dem. Så fikk de tørke i varmluft på 40° i 5 timer, da de hadde fått romtemperatur putta jeg dem på glass og vips har man deilig umami til supper, sauser og gryter


Disse er Elisabeth sine

Mus i hus

Det er ein evig runddans dette med mus i hus, men er skeptisk til å bruke gift når eg veit at røyskatt og ugler ét daude mus.. Vil ha levande musefangerar

Fekk tips frå ein hyttenabo som visstnok hadde tatt over 60 mus på berre nokre dagar i denne heimelagde fella


Eg høyrer mus på rotalemen når eg har lagt meg om kveldane og når eg er i kjellaren høyrer eg mus i ståvegolvet

Etter at eg tok denne i bruk har det ikkje vore tassing inne, men eg har berre fått 7 mus, så om det er museår i år så er det nok verre inne i Vikjo

lørdag 10. oktober 2020

Til Himmelberget på scrappehyttetur






Dette har jeg savnet såå masse og dette satte jeg utrolig stor pris på. Vitamininnsprøytning

onsdag 7. oktober 2020

Vøle vindauger

Rune snakra jo ein fin drivkasse til meg for nokre år sidan, med eit gammalt vindauge i. Det var blitt ganske slitent no, så i haust har eg skrapa, kitta og måla det på nytt

No skal det tørke nokre veker før eg måler det eitt strok til, blir fint å starte på nytt til våren i nyrestaurert drivkasse 😄




Inspirasjonen fekk eg etter å ha vore på verkstaden saman med ein av museumshandvetkerane våre. Heldigvis var det ikkje rote i dette vindauget, så eg slapp å lage nye deler

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...