torsdag 4. juli 2019

Verst og best?!

I dag var det ein bobilturist innom som lurte på kven av turistane som vitjar oss som er verst og best. Han tenkte på nasjonalitet, men det er nok mykje enklare enn det! Eg valde å seie at alle er like kjekke, men for å vera heilt ærleg: Eg tykkjer dei unge bobilturistane er dei beste, dei er vane med kafékultur og brukar penger på god kaffi og fika og så er dei meir nyfikne enn dei gamle og det har ikkje med språkbarrierer å gjera for me kan både tysk og fransk og hollandsk - og svensk om me må 😂

Det gamle skal berre sitja i bubilane sine og spara penger og fiska i fjorden og helst ikkje bruka ei krona på korkje opplevingar eller mat 😆 ikkje betaler dei for å stå på plassen heller, kommunen oppmodar via skilt til å betale, men fleisteparten les og gjer som dei inkje skjønar

Men alt i alt er alle kjekke, dette var vinkla frå eit inntektsgjevande perspektiv, eg driv jo tross alt butikk, kafé og museum




Biletet er av vår eigen bubil på ein camping på sørlandet for nokre år sidan. Me budde gratis ei natt (villcamping? trur eg det vert kalla) alle dei åra me hadde den trur eg, men så er me konfliktsky og pysete og 😂

2 kommentarer:

Maria - Min oldemors hus sa...

De lokale bensinstasjonseieren pleier å henge opp et skilt med "Out of order" på toalettet når det kommer visse busslaster til stasjonen hans. Det er til de han vet kommer til fylle hele butikken med folk som står i do-kø, uten at de kjøper så mye som en kaffe av ham hverken før eller etter toalettbesøket. Andre busslaster igjen holder han gjerne åpent for, de handler villig mens de venter. Forskjell på folk. :)

. sa...

😂😂😂

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...