onsdag 21. august 2019

Gamle skattar

Bak takpannene som me lødde inn i seteskuten i fjor sommar står alle dei gamle vindauga som var i huset då mor og far skifta alle til termopanvindauger på 80-talet. Og sidan me ikkje har noko å finne på no som me er utan dekning, så skal me flytte pannene til skuten under veden og slik få ut vindauga, for no vert det kanskje drivhus av dei.. Iiiiiiiii


Freia er "valpesjuk" og har funne fødeplass til den halvårlege valpen, stakkar lita, ho held på med sitt. Men det gjer jo sanneleg me og som skal flytte alle takpannene hit

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...