mandag 5. august 2019

Fine dagar sålangt


I dag har Rune vært i stigen og malt eit strok til på vindskiene på begge sider av huset i tillegg har han vaska terrassen og gelenderet og nå skal det berre få tørke nokre dagar så er det klar til måling

Hesjestaur frå skuten i løa er henta fram, dei er nokså makketne, men berre dei ikkje brekk, så..

Eg har slått stykkjet med slåmaskinen, ei treningsøkt utan like og akkurat då eg var ferdig, brakk den i sveisen som nok var godt rusta og håndtak og maskin separerte.. Så rakte eg alt graset i fine rekkjer og slik skal dei få liggje å tørke til i morgon


Rune har hesjerøynsle frå garden til farfaren så han fekk gleda av å setje opp hesjestaur


Nyslått gras luktar såå godt


Sukk så godt me har det her

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...