mandag 1. juni 2020

Arbeid under terrassen

For nokre år sidan fann me ut at me ville setje opp eit espaljér under terrassen, det såg elles berre ut som eit svart hol, først kledte Rune utsida og hang opp ein støypejernsvask der. Eg måla det grått og me vart veldig nøgde med kor fint det vart

I vår fann Rune ut at han ville klé nedsida og, men at det sikkert er lurt med ei dør der, så me raska saman det me hadde av stein og lødde opp ein liten mur i høgde med espaliéret på utsida så no er det klart for snekring

Etter kvart vil me lø opp eit vedalag oppå steinmuren


Under her står hjulbåra, solla og diverse lagra no medan eg driv å grev ut jord herfra til bed og kassar


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...