fredag 15. januar 2021

Ingri og Elisabeths kontor

Eg må berre fortelje at eg har verdas beste sjef, grunna mammaperm og oppseiingar i avdelinga spurte ho meg i haust om eg kunne tenke meg å gå opp i stilling - 100%

Eg elskar jo jobben min, men «Eg må snakke med Rune og høyre kva han syns» og eg har verdas beste mann, for han sa jo sjølvsagt ja! 

Men så kom vesle Ingri inn i liva våre og det var då eg fann ut at eg er heldig med sjefen og. 

Ho er som oss, veldig glad i dyr, og veit at me har vore på jakt etter hund ei stund, så eg sa det som det var; me får valp i januar og om eg skal seie ja til jobben, så må du seie ja til valpen, at ho får vere med meg på jobb så lenge valpen treng meg. Ja sjølvsagt, var svaret

Og då eg kom på jobb att i januar sto det eit digert bur under pulten som er sjefen sitt! Ingri flytta inn tvert og storkosar seg der. No har ho vore med meg på jobb 3 dagar og det går så fint






Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...