søndag 17. oktober 2021

Brukket ankel gitt




Onsdag i forrige veke var eg på etterjobbtur med Ingri, me gikk ut skogen, ned til stranda, opp til Flåtnes og tilbake inn vegen og ned til Vidvei. Vått og glatt i terrenget så eg hadde med meg ein stav

På Vidvei slo eg av en prat i tunet og gikk ut langs skulehuset og nedover vegen

Ingri hadde bånd på og vart litt ivrig då det sto eit par sauer og lam innanfor steingjerde så eg prøvde å roe henne då eg plutseleg sklei og vridde foten og ankelen såpass at det sa knekk og knekk

Det gjorde jæmla vondt så eg fekk av meg støvelen og putta foten i bekken for å kjøle ned/bedøve den

Etter 10 min var foten følelseslaus så då putta eg støvelen i munnen på Ingri og halta dei siste 200 m ned til Kleiva

Første natta var biring, og eg haldt meg heime frå jobb torsdagen, men fredag var eg litt bedre og hadde eit par oppdrag på jobb eg måtte gjere

Fredag kom Rune og lørdag var eg endå litt bedre syns eg

Han tok med seg Ingri til Stavanger sidan eg ikkje såg syn på å gå tur med foten

Tysdag kom han og Ingri inn att for me skulle ha nokre fridagar i lag, få båten på land, rydde inn utemøbler osv før hausten

Onsdag var foten vondare igjen og hovna opp ein annan stad.. og eg begynte å bli kvalm og litt feberisk

Fredag dro me til Stavanger og eg fekk konstatert brudd i ankelen, og legen såg eit fragment inni der som gjer at eg må i CT over helga, så eg fekk på skinne og må ha den på til ny undersøkelse er unnagjort man/tys

Eg har alltid høyrt at om ein brekk eit bein så får ein så vondt at ein ikkje kan trø på foten, så eg trudde berre at dette var eit realt overtråkk

Legen sa høyrer du knekk så er det beinbrudd 😅

Eg vart forresten ikkje ansett som akuttpasient sidan eg hadde gått med dette halvanna veke 😅 Tøffe meg 

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...