onsdag 25. november 2020

Spikkekurs

Ja, eg var i Grinde i Tysvær på lørdag - på spikkekurs

Ei mangeårig bloggvenninne utfordra meg til å bli med, me hadde eigentleg meldt oss på eit kurs i vår, for å lære å lage garn av brennesle, men grunna covid-19 vart kurset utsatt eit par gonger og seinare avlyst, og då vart det ikkje noko av det som skulle bli vårt første møte

Me har hatt kontakt via blogg og seinare via snap og Instagram i 8-9 år no. Ho bur berre nokre timars kjøyring herifrå, men av ulike årsaker har me ikkje møttes - før no

Me har delt mange sorger og gleder opp gjennom åra og kjenner kvarandre godt, og sjølvsagt veit ein jo aldri om kjemien stemmer når ein berre har hatt kontakt via tekst og bileter, men det gjorde den heldigvis

Det var som å treffe ei god, gammal venninne og det er jo det ho er 😂😅

Og i tillegg var det eit utruleg kjekt kurs! No har eg fått meg ein ny hobby. Set i stova og spikkar i ein plastpåse 😅

Her kjem nokre bileter frå dagen

To blide blidfisar sitt fyrsste møte foreviga med ein selfi 

Spikkekursinstruktør (og jordmor) Inger Johanne Silgjerd Monstad - insta: @vestablikk







Dette er ingvild sitt emne, mitt eige kom eg ikke på å fotografera 












Takk for fine timar i lag, Ingvild. Det var fint å endeleg treffe deg 

1 kommentar:

Maria - Min Oldemors Hus sa...

Det må man absolutt kalle et spikkekurs med en ekstra trivelig tvist. :) Ser veldig hyggelig ut, og spikking har det jo også blitt etterpå har jeg sett.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...