torsdag 26. august 2021

Finaste ferieværet

I år har me vore så utroleg heldige med ferieværet! Og det syns me at me fortente no, i fjor regna det kvar dag i 4 veker og året før regna det og mykje

No er me inne i siste ferieveka og no sit eg på altanen i «byhuset» og skriv - i ein nydeleg augustkveld

Rune er ute og ser til flyet og klubbflya og vesle Ingri er 9 mnd no og veldig interessert i kva som skjer i nabolaget


Har plukka blåplommer i dag og skal lage chutney av dei trur eg. Johan, naboen på 87, lurte på om eg ville ha blå opal av han, så han klatra i stigen og henta ei bøtte full til meg mens eg holdt stigen

Så no har eg laga pai av nokre av dei

På mors hybel er det oppdaga smitte hos fire ansatte og fire bebuerar i hennar etasje, ho er ikkje blant dei, men uansett er det stengt for besøk, men eg fekk levert eit spann med Sandeplomme frå Kleiva pluss litt anna godt til ho i dag

Eg får blogge litt meir i fleire postar ut i frå bileta eg har tatti sommar

Dei kjem til å ligge «foran» dette

lørdag 14. august 2021

Ingri 9 mnd

Ingri storkosar seg i Suldal, fritt og godt her. Ho elskar å være med på tur til fots og i bil, båt og på ATV

14,7 kg 


 

 

onsdag 4. august 2021

Vandrefalk


Det er nokre år sidan denne opplevinga og eg trudde det var invasjon, droner eller noko anna skummelt.. 

For 3 år sidan fekk Rune samme oppleving

Og i kveld skjedde det igjen, rektignok berre ei denne gongen

Foto frå Aftenbladet, som me abbonnerar på 😅


tirsdag 3. august 2021

August

 Ja no er endeleg feriemånaden her ❤️




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...