tirsdag 13. oktober 2020

Mus i hus

Det er ein evig runddans dette med mus i hus, men er skeptisk til å bruke gift når eg veit at røyskatt og ugler ét daude mus.. Vil ha levande musefangerar

Fekk tips frå ein hyttenabo som visstnok hadde tatt over 60 mus på berre nokre dagar i denne heimelagde fella


Eg høyrer mus på rotalemen når eg har lagt meg om kveldane og når eg er i kjellaren høyrer eg mus i ståvegolvet

Etter at eg tok denne i bruk har det ikkje vore tassing inne, men eg har berre fått 7 mus, så om det er museår i år så er det nok verre inne i Vikjo

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...