fredag 23. november 2018

Ei stjerne er fødd

Eg kjøpte ei ljoslenkje på Europris, 130 cm, batteridreven, 29 kr, vanntett, tenkte eg kunne ha ho på den vesle grana som står ved jabenkjen
Men ho va jo ALT for kort til det
Så då fann eg nokre nokså beine og fine hasselgreiner, eg kutta dei på 30 cm og batt dei saman til ei stjerne med vikletråd

Og så fann eg fram ljoslenkja

Og bant ho fast i stjerna med litt vikletråd


Vart enkel og fin og skal hengje her i vindauge på salen

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...