Freia og eg fór inn hit i går etter at eg var ferdig på jobb, kor smart det var kan jo diskuterast, kald og sliten som eg var etter timar i iskalde lokaler.
Det var minus 4 ute og pluss 7 inne då me kom, men eg var jo godt akklimatisert 😂 så eg fyrte opp oljeogn, vedogn og steikeogn 🙈 Kom opp i 17 pluss før eg krøyp til sengs, med stillongs under pysjen.. Det var godt å vakne her i dag å sleppe kjøringa og være sliten av den
Me åt frokost og så gjekk me tur og eg fekk samla litt greiner frå hassel, bjørk, brake og gran. Det er jo snart desember og då er det kjekt å pynta med det naturen gjev oss
fredag 23. november 2018
Laga litt
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar