fredag 13. desember 2019

Enkelt til jul


Sidan det ikkje kjem julegjester i år så har eg ikkje pynta noko særleg til jul, berre adventsstjerna og ei ljoslenke

Men det vart jo koseleg "for det om"

Stjerna laga eg for eitt år sidan , den måtte stramast opp litt i ståltråden no då treet hadde tørka og krympa nokre millimeter

Vil du lage julestjerne sjølv?

Dette treng du

Vikletråd (kjøpast på blomsterbutikkar eller hobbybutikkar)
Tynne beine greiner ca 18 cm lange
Batterilys på ca 1 meter

Bind pinnane saman til ei femtaggers stjerne, bruk vikletråd på alle plasser pinnene rører kvarandre, bind saman

Legg ljoslenka langsmed og bind fast med vikletråd, sett på ljoset og nyt stemninga

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...