onsdag 30. desember 2020

Skoging i romjul

Før jul spurte naboen om me ville vera med å skoga i romjul, å få vekk granene på øvra sida og det vil me jo! Er det noko eg får «neller» av så er det gran 

Då me kom i går var det mørkt her, men då eg sto opp i dag såg eg at dei hadde begynt utan oss 😅 så det var berre å hoppe i sokkane og gå i gang. Olaf kom innom etter å ha sett til garnet og me avtalte korleis me skulle gjera

Ei jernbøtte med litt parafin og ei avis oppi vart plassert der kvistbålet skulle brennast. Olaf skar ned granene, kvista dei og skar det meste i kubbar, Rune og eg rydda kvist og fôrte bålet

Då Olaf nesten var ferdig med sitt «oppdrag» gjekk eg inn og lagde suppa, kaffi og kaffimat og så satt me på trappa og åt

Resten av dagen brukte me til rydding, brenning og atven til å henta stokkar og kubbar og samla alt ute i svingen. I morgon skal me kløyve og lø













Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...