Viser innlegg med etiketten bacon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bacon. Vis alle innlegg

lørdag 23. mars 2019

Pasta med jordskokk, ramsløk og bacon

Eg grov opp jordskokk då eg var på Kleiva sist, satte to i jorda der inne i fjor vår og nå var dei blitt over 20(!) i den dårlige leirefyllte jorda! Eg tror det kan vere lurt å plante dei i ein kasse ellers kjem dei til å overta alt med den formeringsviljen dei har!

Ramsløken er og klar no og på sitt aller beste, fersk og ny

Eg vaska og skrubbde 5 fine jordskokkar som eg skar i 1-2 cm små biter som eg så stekte med 1/2 løk. Steikte 200 gr bacon i steikeogn på 200° i 12 min og klippte det opp i små bitar som fekk surre med i jordskokkpanna. Klippte over 10-12 ramsløkblad



Så lagde me heimelaga pasta (300 gr speltmel og 3 egg, blandes godt sammen, pakkes i plast og legges til side i 30 min før den rulles i pastamaskin og kuttes til tagliatelle) og når den var kokt og klar, hadde eg oppi 2 sammenpiska egg, 2 dl fløte, 1 dl finrevet parmesan, jordskokkblandinga og rørte godt sammen

God olivenolje, kvernet pepper, fersk basilikum og parmesan has over før servering

Svigerfar var middagsgjest og ble så mett og fornøyd


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...