tirsdag 4. februar 2020

Å vakne til nysnø

Åhh, desse dagane med snø og klår himmel, dei er så sjeldne og difor så verdsette

Eg låste døra kl 15 på jobb i dag og drog heim
Sola går ned kl 17.02, så då er det lyst ein time til ca

så no har eg to timar på meg før det vert stappmørkt


Uvant å gå tur utan Freia.. Og gledar meg til me får oss ein ny turvenn


Her står eg ved kjella vår og fotograferer opp mot Vidvei, skimatar såvidt skulehuset i venstre billedkant


Vegen på samme stad som ovanfor


Fjorden ligg der flat og fin og julelysa heng fortsatt ute, men på fredag kjem sola att. DÅ skal dei ned. Me gledar oss til at sola kjem attende


Og drivhuset! Er så spent på korleis det vert å ha drivhus. Ein eldgamal drøm vart sann før jul! Etter å ha spinka og spart eit par år står det endeleg å skin nede i frukthagen


Nydeleg med sola som set fjelltoppane i eit så godt ljos


Her på Kleiva er det førebels berre månen som skin


Men ljost og fint


Håpar det varer nokre dagar no, naturen treng å få kvile litt, hortensiaen og andre blømande buskar har fått "museøyrer" og det er alt for tidleg


Julekort


Takk for ein flott dag, denne trengde me

2 kommentarer:

Maria - Min oldemors hus sa...

Det er nå veldig pent med nysnø, ingen tvil om det. :-)

Elisabeth sa...

Enig med siste taler 😃

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...