søndag 24. mai 2020

Eit lite under

For eit par år sidan var Siri og eg med på hytta til Line i Lyngdal ei helg, og der, på veg ut til vakre Korshamn, kjøyrde me forbi eit nydeleg furutre med nokre fantastisk flotte koklar. Line og eg bestemte at her vart det full stopp utanfor huset der treet sto og fôr ut for å henta nedfallskoklar, Siri satt og gjøymde seg i baksetet og syns dette var dritflau oppførsel frå to vaksne damer

Ein påse flotte koklar vart med heim som vart brukte til juledekorasjonar samme året, i tillegg vart ein god del frø tatt vare på og eg har prøvd å så dei fleire gonger utan hell, men i haust prøvde eg meg på stratifisering, altså å etterlikna forholda frøet treng til å spira. Dei vart lagt i vatn i 3 veker, så i kjøleskap i 6-7 veker før eg putta dei i såjord og berre gløymde dei i vindauget i kjellaren på Kleiva

Eg fekk sjølvsagt tårer då eg oppdaga at det spirte! Haha! Og tenk om me får eit så flott furutre til å vekse her på Kleiva, som det som står langs vegen ut til Korshamn?! Det hadde vore fantastisk! Og kanskje eingang i framtida kjem det godt vaksne damer og plukker ubeskjedent med seg koklar og frø og får frøa til å spire og så vert det fleire slike nydelege furutrær her på vestlandet


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...