Til nå har me brukt all vår tid på huset, men nå er det endeleg tid for hage!
Og me var heldige i haust og fekk ein del gavekort på hagesenter, så forrige veke kjøpte me pæretrær, bærbuskar, prydbuskar og litt ymse stauder/krydderurter og sommarblomar
Sauene er svært glade i frukt og lauv på frukttrea, så Rune fant ut at han ville utvide «innehagen» litt slik at pæretrea kan stå i sikker sone mens dei voks til
Og så var det godt å få litt meir hage å boltra seg i
Fint blei det og
Eg var nede i røysa og fann nokre solbærgreiner som hadde rota seg. Dei bæra er av ein heilt spesiell sort store solbær. Bildet fra røysa viser berre eit villniss, eg veit, men 😂
Me har ein solbærbusk bak løa, men dei vert aldri så store og saftige sjølv om dei får både kompost og sauaskit
Røysesolbæra fekk lag av raude og kvite rips og står på rekke utanfor terrassen i ytra brøstet. Det var her bestemor og bestefar hadde bærbuskane sine og. Inntil husveggen, for det var ikkje anledning til terrasse den gangen
Blir kjekt å hauste bær her
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar