søndag 3. mai 2020
Nytt stakitt
lørdag 10. november 2018
Uvanleg varmt
Me har pausar på nedsida av huset når me jobbar ute
I dag har Rune satt opp nytt gjerde ved eldhuset, det skulle gjerast i ferien, men blei utsett
Eg har hatt andre uteprosjekt
Hadde sett for meg ei fin lita fåra i jerngryta i løveggen, men eg trur sauene et opp dei små fårene, så det vart ei fin gran i staden. Og med mose på toppen så vart det så snase atte
Og så laga eg fuglemat og fyllde i dei tomme kokosnetskala
Temperaturane har låge rundt 10-12 grader heile døgeret dei siste dagane. Ikkje normalt, men heilt herleg
fredag 18. mai 2018
Gjerder
Gamle gjerder er alltid et kav, for sauene, for bonden og for oss..
Sauene fordi de enten trør over dem eller blir fanget i dem, for bonden som enten blir kontakta av andre grunneigere om at sauene har trådt over eller fordi at sauene har satt seg fast i dem og for oss som finner sauer som står fast i våre gjerder
På lørdag da jeg kom til Kleiva fant jeg et øremerke nede i yttra hjørnet. Et lam hadde mista øremerket sitt, det var ull som var tvinna rundt gjerdenettingen, ikke bra
Bonden mente vi burde sette opp ny netting for at sauene hans ikke skal sette seg fast, så i dag henta Rune to ruller lammevennlig netting og begynte å skifte nettingen.
lørdag 28. april 2018
Endeleg tid for hage!
Til nå har me brukt all vår tid på huset, men nå er det endeleg tid for hage!
Og me var heldige i haust og fekk ein del gavekort på hagesenter, så forrige veke kjøpte me pæretrær, bærbuskar, prydbuskar og litt ymse stauder/krydderurter og sommarblomar
Sauene er svært glade i frukt og lauv på frukttrea, så Rune fant ut at han ville utvide «innehagen» litt slik at pæretrea kan stå i sikker sone mens dei voks til
Og så var det godt å få litt meir hage å boltra seg i
Fint blei det og
Eg var nede i røysa og fann nokre solbærgreiner som hadde rota seg. Dei bæra er av ein heilt spesiell sort store solbær. Bildet fra røysa viser berre eit villniss, eg veit, men 😂
Me har ein solbærbusk bak løa, men dei vert aldri så store og saftige sjølv om dei får både kompost og sauaskit
Røysesolbæra fekk lag av raude og kvite rips og står på rekke utanfor terrassen i ytra brøstet. Det var her bestemor og bestefar hadde bærbuskane sine og. Inntil husveggen, for det var ikkje anledning til terrasse den gangen
Blir kjekt å hauste bær her
