lørdag 6. april 2019

Lørdagsfri

Og kva gjer ein då? Står opp kl 6 såklart

Lagde meg ei kanne te og sat ute og såg sola stige opp over åsryggen

Og i Mollbakkadn sto det ein hjort å beita



Ein hyttenabo trengte litt vanningshjelp i drivhuset i dag og mens eg var der kom røyskatten fykande forbi



Og ellers har eg berre kosa meg med dei små og store vekstene mine, det var på tide å plante om ein del av dei og det med dorullkjernepotter er ein god tanke, gjenbruk og alt, men dei myglar og plantene likeså, så no står alt i plast


Og den fine gule shellbøtta vart grå og kjedeleg, men no står løpstikka oppi den og pynter litt

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...