Ja det er store forskjellar på folk, men slik er det jammen meg og blant sauene her
Eg har undra meg over kor «slemme» nokon av sauene er med ungane sine, dei stangar dei bort eller daskar til dei og spring avgarde når dei vil die, men ho her, ho har ein eigen aura av ro rundt seg. Eg tror ho er førstegangsfødande for ho ser så «ung» ut. Ho har tre lam, eit verlam og to søylam og held seg for seg sjølv, ho held ikkje lag med dei andre sauene. Kanskje ho er litt introvert, som meg 😂
Ho lar dei små die når dei vil og står så roleg medan dei drikk, og så gjer ho noko som eg aldri har sett nokon av dei andre sauene gjere, ho gir dei små eit kjærteikn med hovudet sitt og no vert eg heilt rørt her eg sit å skriv, mi fjolla
Dei klyv og klatrar på henne når ho ligg og ho let dei halde på. Ei god og tålmodig mor
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar