fredag 5. juli 2019

Enkelte eig ikkje blygsler

Me har open wifi på museet




I går kom det inn ei eldre dame og drog opp ein ipad. Ho lurte på om eg kunne hjelpe ho med å oppgradere den slik at ho kom inn på wifien vår, «du skjønner» sa ho «jeg bor oppe i det huset der» og peika opp bakkjen «og vi har ikke innlagt internett i huset vårt»

«Beklagar så mykje» sa eg «men det er nok litt utanfor servicen me yt»

Ho vart dritsur, klappa ipaden saman og sa «hun hjalp meg med å sette opp telefonen hun KOSELIGE damen som var her i går» og så fór ho på dør

😂😂😂

Eg trur me kjem til å bytte til passordbeskytta wifi etter dette 😆😆😆


1 kommentar:

Maria - Min oldemors hus sa...

Ha ha, hvem trenger vel internett når lokalmuseet tilbyr gratis wifi? :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...