tirsdag 9. juli 2019

Ny veke

I går var det å ta avgarde på jobb att, 6.15 ferja frå Stavanger, 3 bilar på ferja og lite trafikk, ikkje eingong tungtransport! Og ALTFOR tidleg på dag for bubilar! Heilt herleg!

På jobb ca 9 og travel dag som vanleg

Venninna mi Siri og dattera skulle kjøre sonen til Risør og ville komme til Kleiva etterpå! Så koseleg ❤️ Me åt middag og sat ute og prata til det var leggetid og sov godt gjorde me. Koseleg frokost i dag og no fór dei nettopp avgarde på nye eventyr, til ein walk-about i Ryfylkeheiane


No skal eg slå gras og stelle med dei små grøne og etterkvart slappe av og nyte eit opphald i hengjekøya ein times tid 😆 Det er jobb att i morgon og ut veka..

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...