Eg kjøpte tomatfrø som eg planta i mars, hardføre sortar som er bereikna til å stå ute. Våren vart svært kald på Kleiva, så dei fekk ikkje flytta ut før i slutten på mai og då var det fortsatt berre 10° på nettene og ikkje optimale forhold
Og så ser eg bileter av flotte tomater hjå andre, i drivhus, og samanliknar med mine.. Og får dårleg tomatsjølvtillit (😂 nytt ord!) men no! Sjå (ta gjerne å zoom litt) midt i biletet er dei noko på gong
No er det tomatkart på ei av plantene - GØYGØYGØY!!!
Og tomatsjølvtillitten er gjenoppretta ☺️
1 kommentar:
Så bra! Det blir sikkert de beste tomatene du noen sinne har smakt. :-D
Legg inn en kommentar