lørdag 31. oktober 2020

Jakta på ny hund

Me har sidan januar hatt ei annonse liggande på Finn der me skriv at me ønsker oss ei vaksen tispe og me har spesifisert ein del «eigenskaper» me IKKJE ønsker at denne hunden har fordi me har hatt ei med slike problem og det var slett ikkje lett

Det har ikkje mangla på tilbod, men me opplevde gong på gong at folk ikkje las annonseteksten, så eg har måtta bli litt streng i innleiinga på annonsa


Så no opplever me å få bedre «treff» og det er me glade for

Me var ei stund inne på tanken om å skaffa oss tispevalp, men etter å ha vore i kontakt med eit par tre relativt seriøse NKK-oppdretterar har me definitivt bestemt oss for å prøve å få tak i ei vaksen tispe. Ønsket vårt om tispevalp blei blankt avvist og no skjønar me jo kvifor, men meir om det seinare

Tilbake til responsen på Finn-annonsa. Me har fått tilbod om dachs «med separasjonsangst» som eigar berre skulle «setje eit kull på» før me etter fødsel kunne få kjøpe ho for eit tosifra beløp

Me har fått tilbod om ein nydeleg border collie som takla bilar og syklar og barnevogner, men med stort stress i samband med møte med hundar

Me har fått tilbod om ein diger gatemiks på over 30 kg som var utrolig flott og snill og klok og medgjørlig og eg grein ein skvett når me måtte la ho gå fra oss

Me har fått tilbod om ein nydeleg husky på snaue 15 kg, men der trakk eigar seg, ho var for glad i hunden og skulle «få det til likavel»

Me har fått tilbod om ei border collie tispe på 8 mnd som høyrtes heilt fantastisk ut og me hadde ein avtale om treff med eigar, då dagen kom var annonsa borte og me fekk aldri noko svar på gjentatte kontaktforsøk

Me har fått tilbod om ein mellompuddel hann, ikkje tispe, men me vil av ulike årsakar ikkje ha hannhund, då sa ho at ho kunne få den kastrert.. 

Det er ein del useriøse folk der ute, dessverre, og ein god del burde nok aldri skaffa seg hund i utgangspunktet

Me har svart på eit par annonser sjølv, på ei samojedtispe og ei welsh springer tispe, men det vart det heller ingenting av

No har eg kontakta eit par tre omplasseringskennelar og annonsa ligg fortsatt ute, men i denne tida vi er i no har visst alle tid til hundane sine og det er jo ingenting som er betre enn at hunden har det godt i lag med familien sin

Samtidig har det aldri vore større etterspørsel etter valp og det har vakse opp valpefarmar over alt og alle som har tisper parar dei i øst og vest og når eg sjekker NKK-oppdretterar har dei meir valpar no enn nokongong, og berre hannvalpar for salg, er ikkje det berre bittelitt rart? Og i går då eg sjekka Finn på nytt låg det ute over 600 annonser med valpar for salg. Ja seks hundre!!!

Me har ikkje lyst å støtte valpefarmane og leiter vidare etter ei vaksen fin tispe, me reknar med at det om ei stund, når dette er over og folk får begynne å reise att, så blir hunden ei belastning og treng ein ny heim

I mellomtida får me kose oss med fine bilder og minner frå dei fine åra med desse to og kanskje får me ein firbeint feriegjest på besøk snart 


Her er me på tur på Fjøløy med fine Freia d.2019 og Tinka d.2016 


Og har du lyst å bli ein dyrehelt, les dette

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...