lørdag 7. juli 2018

Fin lørdag

Det varme, tørre været gjer nettene litt strevsomme og sidan det er helg og blanke ark så ligg me litt frampå og pratar litt og planlegg dagens gjeremål.

Rune kom i går kveld, me satt ute lenge og gjekk tur rundt midnatt. Det er så ljost og fint her nå.


Heilt utruleg at me gløymer at nettene er så ljose på denne tida. Normalt har jo vore at regnskyene ligg lavt mellom fjella her. I fjor sommar regna det feks kvar dag..

Men no er det for tørt her! Me liker sola og alt det der, men bøndene slit og det går i sin tur ut over dyra og det er stor brannfare!

Eit gode er at det nesten ikkje er insekt i år. Den plagsomme kleggen har jo alltid gjort julimånad til ei tid kor ein ikkje orkar være ute her

Og snakk om insekt, eg vart stukken bak på leggen av noko torsdag morgon, trodde først eg hadde vært borti brennesle, for det svei noko så inniheitaste, men så hovna leggen opp og vart heilt raud og eg oppdaga at det var komme ei vannblemme der det beit. Eg tok ein allergitablett og då roa det seg litt, men fortsatt er huden stram og svir når eg tar på den..


I dag skal me gjere litt smått ute her og Rune skal sikkert starte ein av maskinane sine.

I dag er det 2 år sidan mor til Rune døydde, snille gode Karen. Saknar den lune, gode humoren og latteren og alt. Me skal tenke litt ekstra på ho i dag

Svigerfar har vore i Aberdeen nokre dagar no i lag med mellomste barnebarnet, dei kom heim i går og Philip blir hos han til familien kjem fra Bergen og plukker han opp ifbm ferien

Bloggen har kommet på nett igjen no. Så får me sjå om det går an å ha open blogg igjen..

Eg håpar at dei «ukjente» som kanskje les litt no og då legg igjen ei helsing, det hadde vore kjekt

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...