tirsdag 17. mars 2020

I natt har eg ikkje sove noko særleg

eg er så bekymra for om det er viruset eg har fått og mest bekymra er eg for om eg har utsett nokon for smitte

Som eg har nemd tidlegare så satt eg ved sida av ein snufsete kinesar på Fisketorget i Stavanger onsdag 26. mars, han var openbart turist, men då hadde me berre såvidt høyrt om koronasmitten i Wuhan..

Torsdag 27. mars kjende eg at det kribla litt i halsen, men det kan og ha vore nøtteallergien. Eg lever jo på ketosekost no og tek ein neve nøtter om eg vert fysen på noko godt

Fredagen var eg heilt fin og var det fram til torsdag 5. mars, då kjende eg at det kribla i halsen då eg vakna på morgonen. Det var siste dagen eg hadde kontakt med nokon i kommunen der eg jobbar, fredagen var eg åleine på jobb og då kjøyrde eg til Stavanger etter arbeidstid

Heime i Stavanger har eg hatt lite kontakt med andre, kun mor (såvidt) og svigerfar (han fekk ikkje klem då han kom som han vanlegvis får!) samt eigaren av hunden me passa på (han vart forøvrig satt i tilbakevirkande karantene) og ei lenge sakna venninne (og me vart einige om ein klem då me skildes og klemde kvarandre)

Eg har vore på butikken ein gang og då heldt eg avstand og snakka ikkje med nokon

Ellers er det berre Rune. Og der er det heilt slutt på nærkontakt, gitt.. 

I dag som i går har eg vondt i brystet, men det kan og vera gangsperr etter skoginga i helga.. Eg sagde ned 16 graner med buesaga mi og slepte og drog rundt på dei

Symptomet på at eg er sjuk er vondt i halsen slik det har vore av og på dei siste vekene, ellers er energi og overskudd som før

(Har rydda og reingjort frysedelen på kjøleskapet i byhuset i dag og skal nå ned i boden og gjere det samme i fryseboksen) 


Bildet er tatt ein frisk fredag i forrige veke

1 kommentar:

Anne-Eddie sa...

Auda ! Håpe det går bra og at det er bare gangsperr du har! Klem ;)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...