I dag kl 11 kom dei på lang lang rekke ned veien
Såå kjekt! Dei er etterkommerar etter bestefar sitt søskenbarn Samuel som var født og budde på Laberget og som utvandra til USA i 1907, 20 år gammal
Me lagde lappar og smurde med godt smør og brunost og alle var heilt "over the moon"
Veldig artig, berre synd det gjekk så fort.. Skulle gjerne prata meir med alle saman
Og me var sikre på at det var rikingar som kom, dei hadde eigen buss, med eigen turguide og hadde vært i Oslo, Flåm og Bergen før dei kom hit. Det viste seg at dei hadde spart i over 30 år for å få råd til å ta denne turen. Utrolig flott
Då dei var forne herifrå, berre rydda og støvsugde me og tok oppvasken før sønnen dro tilbake til Bø og eg satte meg i bilen for å kjøre til byen
I ferjekøen oppdaga eg plutseleg turbussen til amerikanerane og så hadde me følge på ferja og på veien mellom ferje kom hu eine tremenningen til mor og satt på i bilen med meg. Så me ble veldig godt kjende
Kjekk dag
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar