søndag 17. juni 2018

Ikkje lett å nyte frokosten ute

når det står eit lite lam ovanom huset og sjanglar og skjelv..



Eg prøvde fyrsst å få tak i det, i pysjen med gummistøvlar på.. Men eg var redd eg sko skremme livet av det, så eg ringde Olaf

Då han kom hadde lamme sjangla seg ned til fjorden, så han gjekk for å finne det og eg følgte etter i bilen. Han fann det med ein gang og putta det i buret til Freia og så kjørte me til gards

Fekk mjølk og kraftfor med ein gang ho kom i fjoset og då begynte ho å bessna med ein gong. Ho er trillinglam med to brultne brør og slepp nesten aldri te på juret stakkar litå

Men nå får ho ekstraservice nokre dagar i lag med eit par andre små

Så nå går det godt

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...