fredag 15. juni 2018

Helg igjen

Vekene fyk avgarde og me heng såvidt med..

I morgon er det flystevne på Stord og eg hadde booka meg sete i Norseman for å bli med opp, men så kjende eg på eit sakn, etter Kleiva, så eg dro hit i staden



Rune skal fly til Stord med Cub'en i lag med kompis Harald. Dei får ein triveleg dag i lag dei to

Eg fekk slått plenen og sjekka alle vekstene og vannbeholdninga før det begynte å HØLJ-regne. Vatn trengst, så pøs på!

Det er utroleg trist å sjå kva desse 5 vekene utan nedbør har gjort med terrenget. Det er brunsvidd fleire stader og blåbærlyngen er heilt brun og dau

Men i fuglakassen på eldhusveggen yrer det med liv og hr og fru svartmeis satte stor pris på at fuglabrettet blei fyllt med godsaker att. Enkel tilgang på mat til både dei sjølv og ungane

Og så lurer eg litt på om hr og fru dompap fortsatt er her eller om dei har funne ein bedre restaurant ein annan stad


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...