onsdag 27. mai 2020

Eit eggstra kjekt prosjekt

Sjefen min har sagt opp og kjøpt seg gard og skal verta bonde på heiltid, i samband med det har me kjøpt jærhøns til ho i avskjedsgåve, men dei er korkje verpte eller klekte ennå, så difor kjøpte me ei egghøne til ho og egg (som eg blåste tomme for innhald)

Eg og sjefen hennar igjen dikta 6 glade vers og kvart egg fekk sitt vers og alle hang eg saman med fargerike ulltrådar slik at eitt og eitt egg ploppa ut or høna etterkvart som ho nøsta opp ulltrådane

Det vart suksess, gitt

Men ingen gode bilder av ferdig prosjekt, eggeskalla var svært tynne og knuste lett, så dei var betydeleg meir «plastra» med farga papir då ho fekk dei





Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...