søndag 24. juni 2018

Etasjeovn på lølemen

Eg har meldt meg på kurs i antikvarisk oppussing av gamle jernovnar og i den forbindelse skal eg ha med ovnsdeler eg kan pusse opp

Me visste at det låg ein liten ovn på lølemen som kunne være eit passande prosjekt å ta med, så me henta ned delene og då det begynte å ana oss at det ikkje var ein så veldig liten ovn, nei..

Eller, sjølve brennkammeret er lite, men den har fleire etasjar. Kjempefin ovn som fortjener eit betre liv enn å ligge i ein haug på lemen

Døra er merka Stavanger No. 7, så då er den nok laga på Stavanger Jernstøberi som var i drift fra ca 1879 til 1931

Her kjem bileter













Me har tenkt feil vedr røykrøyret, det må monteres slik som på etasjeovnen under

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...