torsdag 21. mars 2019

Hügelkulturteknikk eller lasagnebedmetoden

I morges vakna eg av regn på taket, det regna noko så alvorleg, det held på ganske lenge, men me var no på morgontur kl 9.30 likavel

Eg steikte eit surdeigsbrød (surdeigen er alltid med!) og åt gode skjever til frukost med brunost og jordbærsyltety

No har eg henta kvist og kvast som eg skal begynne å fylle i den øverste (nye) plantekassen


Hügelkulturteknikk, eller lasagnebedmetoden (som jo er eit mykje enklare namn å hugse) er som følger:

Eit par-tre lag med avispapir (eller eit lag papp) leggest på marka i botn for å stoppe vokst frå marka, så legg du på tjukke greiner i et tett lag, så litt jord, så kvist og kvast, hageavfall, meir greiner (ikkje av nåletrær eller tornetrær/buskar) løv, kjøkkenavfall (ikkje kjøt/fisk/bein eller avocadoskal/avokadostein) fyller på eit lag jord og så får naturen ordne resten

Fyll på gjennom heile sommaren og hausten og til våren har du eit megapotent bed som er klar for vekstene dine og som held godt på fukta pga dei tjukke greinene nederst

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...