søndag 15. oktober 2017

Lørdagsloffing

I går blei det ikkje gjort så mykje, eg fjerna tistlar, Rune rydda i kjellar og i løa og brant bål



Me gjekk ein tur inn i Torsvika for å stjele nokre pærer, det blei mager fangst, kun to små. Men dei er på sitt beste nå så det var synd at dei hang så høgt. Hadde tenkt å lage pære i karamell til dessert til middagsgjestene

Det blei eple/pæresmuldrekake med piska krem i staden

Og rødbet- og fetasalat til forspise

Og torsk med pinjekjernelokk og rotmos til middag

Det er vel ca første gang me har laga 3-retters på Kleiva, men med oppvaskmaskin og skikkeleg komfyr ligg jo ting bedre til rette for slikt

Koseleg kveld i lag med gode naboar


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...