søndag 29. oktober 2017

Sundagswalkabout

Nabokona inviterte meg med på ein tur eg har hatt lyst å ta i mange år, den gamle veien til Listølen, nå vart det langs ein god skogsvei i staden for, det er så enormt med trevelt i liane inn fjorden

Her er me akkurat komne forbi det brattaste og ser atti skogsvegen

Freia var med, men ikkje Mira. Hu var på sauesanking rundt ein annan topp

Flott utsikt ned i fjorden

Flott tur og kjekt turfølge! Og nå veit eg kor eg skal gå neste gang! Ferske spor av hjort og elg så me også.

Da eg kom heim til Kleiva tok eg ein dusj mens Rune diska opp med varm lunsj til oss. Herleg! Og etter lunsj tok me ein tur ned i lia nedanfor huset

Fy som det ser ut der nede. Rotvelter en mass

Kven kunne vel forutsjå den enorme økonomiske velstanden Norge befinn seg i nå som gjer at det er ulønnsomt å høste av de enorme mengdene med skog som ble planta (på dei utroligste plasser) på 50-tallet

Me får bare glede oss over at me ikkje ser det deprimerande kaoset der nede fra huset

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...