onsdag 28. november 2018

Ei slags bryllupsgåve

Mi «some-venninne», Ingvild, skulle gifte seg i september, og eg visste at dei ikkje ynskja seg noko. Dei har «alt» dei og

Men eg hadde likevel lyst å hugse på dei (for ho har gitt meg så mykje glede desse åra som eg har vore sjuk både på blogg/insta og snap) så tankane har spunne litt rundt det, men hausten vart travel så eg kom ikkje i mål før dei gifte seg..

Eg visste at ho likar grisemåleriet me har på Kleiva (ho hadde to grisar ein periode) så DET ville eg i alle høve dele med meg og eit par griser var faktisk heilt sentrale i byrjinga på forholdet deira

Så eg fotograferte det og printa det på laserprintar og så skar Rune til ei plate i A4 av flytreet sitt (han byggjer jo fly!) og så lima eg det på treplata med motivet inn mot treet. Så fekk det tørke nokre dagar og så gnikka eg av papiret med ein våt klut. Kallas «transfer»-metode i klipp og limterminologien

Og det var mens eg sto å gnikka på dette biletet og tankane spant at eventyret dukka opp i hovudet mitt

Ja for det er jo rett og slett eit eventyr korleis dei møttes desse to. Så då var det berre å skrive og mens eg skreiv kom bileta flygande og så vart det klypp og lim og skriving omeinannan





Eg hadde det veldig kjekt medan eg jobba og det gjekk unna, eg oppdaga ein skrivefeil først etter at eventyret var limt på, så då vart det å korrigere og lime på nytt





Følte meg litt usikker då eg putta det i konvolutten og sendte det, men så vart ho jo så glad 😂 så då grein me litt på Snap begge to 😄





I takksemd

1 kommentar:

Maria - Min oldemors hus sa...

Dette var en helt fantastisk gave, som selv ingen som har "alt" kunne ha fra før. <3 <3 <3

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...