mandag 20. mai 2019
Under cover dog
Kjære, fine Freiaen vår som vert så redd når ho må vere åleine i huset på Kleiva at ho gjøyr frå me går til me kjem att! Og vert så sår i stemmen at ho høyres ut som ei hås gås 😄
Neste jobbturnus skal eg freiste å ta ho med på jobb, vel ikkje inn på jobben, men at ho er i bilen dei dagane det ikkje er sol og at eg kan ut å lufte ho nokre gangar ila dagen. Rett og slett ta meg ei lita røytepause 😂
Rune skal til Fairbanks om 2 veker så det hadde vore gull om ho venner seg til livet på landet, men eg har ikkje trua.. Hu har jo vore heime i byen i lag med Rune store deler av tida når eg jobbar, nettopp fordi me ikkje vil utsetje ho for ubehaget
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Stakkars, ikke lett å være husredd. Hun hører sikkert masse uvante lyder.
Legg inn en kommentar