onsdag 27. januar 2016

Meat free Monday cont..


Ørret, laks, laktosefri Philadelphia, Buer speltlomper, vårløk, rødløk

🤗

2 kommentarer:

Ingvild sa...

http://brodogkorn.no/oppskrift/surdeig/

Her har du enkel oppskrift på å lage surdeig! Men du treng ikkje å lage så stor deig, det held med 1 dl vatn og 100 g mjøl. Og ca 30 g surdeig som du tek vare på, og seinare berre 20 g. Du bør ha ei elektronisk vekt, du MÅ ha økologisk mjøl - vanleg mjøl er behandla og viktige stoff er fjerna, og det er dei som tek til å gjære. Om du tåler spelt og ikkje kveitemjøl så kan det kanskje vere at du faktisk kan lage surdeigen din på økokveite også, men bruke speltmjøl evnt anna mjøl når du baker brød. Om du vil så kan eg sende deg tørka surdeig. Den kan du vekke til live og bruke vidare. Ein surdeig kan leve evig, så lenge du behandlar den greit:-) Eg har min ståande i kjøleskap i eit glas. Når eg skal bake så tek eg den ut dagen før og matar den, dagen etter er den livleg og fin og er klar til bakst. Det tek ofte litt tid å bake med surdeig, men det er steike meg verdt det! Om du har reagert på mjøl så kan det jo evnt vere du også har reagert på gjær, den er ikkje god for alle magar. Derfor anbefaler eg reine surdeigsbrød, ikkje ha gjær i i tillegg, det er tull. Elles så kan du ha surdeigen framme på disken på kjøkenet, den må då matast kvar dag. Då blir den veldig bra også då. Når ein matar så hiv ein mesteparten av deigen og tilsett lik mengde mjøl og vatn, som regel 100g mjøl 100g lunka vatn. Om ein skal lage ein stor deig så kan ein hive oppi meir.

Eg nyttar surdeig laga på sikta kveite, altså ikkje grov/fin rugsurdeig som er det mest vanlege. Den brukar eg til alt frå brød, boller, vafler og anna. Surdeigen eg har no har ei god venninne tørka og sendt meg i posten faktisk!! Heilt supert! Har laga surdeigsstartarar før men då berre i rug.

Håpar dette var litt tips og råd! Muleg eg lagar eit surdeigsinnlegg på bloggen, er jo litt aktuelt no! Ha ein strålande dag!

Elisabeth sa...

Wow! Takk for gode tips! Skal kjøpe økologisk spelt i helga, blir så spennende! Du er et surdeigsorakel