søndag 12. november 2017

Å vakne

her er det beste eg veit. Spesielt godt er det å vakne her når Rune og er her - og Freia og, sjølvsagt



Surdeigen var med på helgelasset og nysteikt brød til frukost er aldri feil



Plassen over vindauget i mønet har alltid vært ein høgt skatta plass for småfuglar og heil sidan me malte huset har planen vært å spenne opp sen. Nå hadde fuglane drete heile veggen ned, så Rune hadde eit fælt bal med å vaske, skylje og spenne opp sen (ps til våren ska vindskiene malast ett strok
til)


Eg malte skuffer og dører i det vesle krydderskåpet på nytt for 14 dagar sidan, og vel tørker linoljemåling sakte og vel er det kaldt i kjellaren, men malinga var fortsatt ikkje tørr



Blei veldig fint då
På fuglebrettet herjer kjøttmeis, spettmeis, granmeis og blåmeis. Dei er veldig glade i solsikkefrø, og så er det nokre råtne epler i eit av trea nede i hagen som dei fortsatt koser seg med



Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...