I går dro Freia og eg til Kleiva. Rune har ikkje fri, dessverre, så nå er det kun oss. Det er nydeleg vær. 5-10 cm snø, 2-8 minusgrader
Freia har hatt magesjau det siste døgnet, så det var ikkje med godt samvit at eg tok henne med på den 4 timar lange bilturen, men me hadde lange stopp underveis så det gjekk bra. Verre var det at ho var kvalm og mangla matlyst. Sjelden at Freia ikkje vil ha mat 🙈 Ho er frisk igjen nå altså og har akkurat hjulpe meg med å ete kveldsmaten
Slagbenken i kammerset har fått nye fargerike puter
Og eg maler tak, listverk og snart golv
Og er glad for at det finnes maskeringsteip 😄
Kaldt og klart også i kveld og nå skal me straks ut for å sjå på stjernehimmelen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar