tirsdag 6. februar 2018

Ut på tur

Det blir to timesturer kvar dag. Ein etter frokost og ein før mørkret senker seg kl 18. Månen kommer ikkje opp før over midnatt nå, så det blir verkeleg stappmørkt her

Så etter frokost og dagens første økt med malerpenselen så kløyv me opp bakkane og alle klakafossane til eit utsiktspunkt under garden ovanom oss

Og etter middag kom det melding fra naboen om eg ville være med på tur, og det ville eg jo. Så då kom ho og Mira og så gjekk me ned til fjorden, inn vika, opp og inn i hyttefeltet og tilbake via vegen. Mira blei lei av maset til Freia og sprang heim
Eg tente i lanterna før me gjekk, alltid litt koseleg å komme heim til eit hus som ser bebodd ut



Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...