onsdag 25. mars 2020

Endring i heimekontorfellesskapet

Eg har no fått bekrefta at eg kan reise på jobb att på mandag, kommunen eg jobbar i har opna for jobbpendlerar, på visse vilkår: arbeidsgjevar må ha beredskapsplaner for korleis ansatte kan vera på jobb i trygge omgjevnader og det må vera mogeleg å halda avstand, no gjeld 2 meter inne, eg får ikkje besøka butikkar eller omgås sambygdingar medan eg er der

Det får meg jo til å kjenne meg som ein paria og enkelte eg har prata med meiner det liknar på kva svarte opplevde i Amerika på 60-talet, utan samanlikning ellers, meir frykta for kva dei utanfrå har med seg

Eg skjønar frykten, det er ein skremmande situasjon me er i. No er det ikkje frykten for ein farga som ligg bak desse reglane, no er det noko utan farge, utan lukt, noko usynleg som er potensielt dødeleg, som tatt frå ein ekkel katastrofefilm

Eg kjenner på denne frykta sjølv, så eg tek alle forhandsreglar, eg elskar livet og eg har respekt for alt levande (berre ikkje brunsniglar!) så eg vil ikkje bli smitta, eg har lett astma, så eg er i risikogruppa, eg omgir meg med folk i risikogrupper, eg vil ikkje smitta andre, eg vil ikkje ha andres liv på samvitet



Direktøren har bekrefta at beredskapsplanar er lagde og eg veit korleis eg skal forhalde meg

Eg gledar meg til å kunne reise på jobb att, sjølv om det er med ein viss bismak og ein viss redsel, men mest glede. Eg elskar jobben og dei kjekke kollegaene mine, som eg kanskje ikkje får treffe likavel

Det vert rart å reise fra Rune no i denne surrealistiske situasjonen me og alle andre befinn seg i, han er den eg føler meg mest trygg i lag med, han får meg til å se annleis på ting når eg ikkje klarer å skifta fokus sjølv, så det er godt me har telefonar og nettbrett slik at me kan både prate og sjå kvarandre og heldigvis er det fort gjort å reise heim om noko skulle skje

Sjukeheimen er stengd for besøkande, men eg må prøve å få levert noko til mor før eg reiser, for no blir eg vekke 3 veker, minst. Ho fyller år 1. april og så kjem påsken og ho må jo ha noko å kose seg med og eg veit ho er tom for «medisin» så i morgon kjøper eg ein påskeblome, litt påskegodt og nokre flasker medisin og så håpar eg me kan få sleppa inn ved neste korsveg og då får eg bake kake og så får me feire både henne og svigerfar som har dag no på søndag

Og i mellomtida får me håpe at ting går av i likaste laget




Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...