torsdag 19. mars 2020

Heimekontorfellesskap i byhuset

Rune er pålagt heimekontor for tida og eg er sjukmeldt fram til 27.3 pga halsbetennelse, men sidan eg ikkje føler meg sjuk så har eg spurt om eg kan få jobbe litt og det får eg! Så i går vart det heimekontorløysing på meg og, på min private laptop. Tipp topp! Kjekt å kunna jobba litt for den kjekke arbeidsplassen min!

Me har eit stort rom her i byhuset som me brukar som kontor, med kvar sin kontorpult med dockingar til laptopane våre og tastaturer og eksterne skjermar. Rune har to skjermar, eg har ein

Men eg får ikkje brukt plassen min, eg føler meg litt forvist frå heimekontoret, for nokon har nemleg beslaglagt kontorstolen min, den han sjølv hadde vart kasta for nokre år sidan fordi den var blitt litt lealaus

Så eg sit på kjøkken, utan ekstern skjerm



Jaja

Ein annan ting, som ikkje er til å harselere med, er at eg føler meg forvist fra kommunen eg jobbar i av kommuneleiinga der, dei krev at alle som kjem frå kringliggande kommunar med mange smitta skal vera 14 dagar i karantene før dei får lov å bevege seg ut i samfunnet der. Eg forstår dei er redde for smitte, men når eg om ei dryg veke er friskmeldt att, må vel det vere grunn god nok til å kunne reise inn at utan å måtte «sone» ennå 14 dagar til?

Eg er så spent på korleis dette utviklar seg.. Heimekontor til evig tid?

Og brakkesjuke og karantenekrav og hytteforbud og skilsmisse og fandens oldemor


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...