onsdag 18. mars 2020

Brakkesjuke og heimekontor

Rune vert brakkesjuk bare av tanken på å måtte vere heime, eg kjenner det litt no som eg har vært heimefast sidan søndag

Fekk heldigvis ordna meg heimekontor i går, det gjer det enklare å ha kontakt med kollegaer og prosjekta me jobbar med

Eg er jo sjukmeldt pga halsbetennelse, men eg føler meg frisk så derfor kan eg jobbe litt medan eg er sjuk, me har masse prosjekter og eg har eit par artiklar eg skal skrive for museet, så det et godt med nettilgong

Svigerfar skal flytte ut frå huset og inn i den nye leiligheta si på fredag, han har leigd flyttefolk, men me må hjelpe han å komme i orden, han er tross alt 85 år no

Rune er fortsatt frisk og søstera kjem frå Bergen for å hjelpe, så eg antar ho er frisk og. Og kanskje om eg brukar munnbind og hanskar så kan eg og være med?


I dag føles formen fin og draget over brystet er mindre, antar at det berre har vore gangsperr og ikkje noko meir

Og Rune taklar brakkesjuka overraskande bra

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...