mandag 16. mars 2020

Figensfermenteringsfabrikk

I dag fermenterer eg grønnsaker


Rune har heimekontor i 2 veker no (byrja i dag) og sit på kontoret vårt i byhuset her i telefon og nett-møter medan eg høyrer på radio og kokkelerer

Eg raspar kål, gulrot, raudbetar og dryss på mineralsalt no og snart skal eg koke glassa og lokka dei skal leggast ned på


Apropos glass og lokk, eg hadde berre desse små og få her i byhuset, alle dei fine Norgesglassa står på Kleiva, dessverre, men får berre tilpassa mengden grønnsaker


Det er kjempeenkelt å fermentera, det viktigste er reine hender, reine verkty, mineralsalt (eg bruker havsalt) og å koke glass/lokk

Oppskrifta er den same for alle grønnsakene
Rasp dei og bland inn ei ts mineralsalt og la det stå å trekke 30 min, begynn så å klemme ut væske. Putt alt i et kokt glass og press massen ned med noko tungt slik at den kjem under væska
La stå på kjøkkenbenken 4-30 dagar til det er «surt nok» sett på lokk og sett glasset i kjøleskåpet

Mengden eg brukte til 3 stk 0,5 liters Norgesglass
3/4 kål (ca 25 cm i dia)
5-6 gulrot (ca 2 cm i dia og 15 cm lange)
2 raudbetar (ca 5-7 cm i dia)

Alle «normal» storleik, altså

Men det er og herleg å blande inn litt frisk ingefær og kvitlauk, eg kjøpte eit glas med surkål laga lokalt her og det er det ingefær og ramslauk i. Kjempegodt. Akkurat i dag vart det berre kål, gulrot og raudbete i kvar sitt glas







Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...